torsdag 23. desember 2010

New York!

Dei to dagane vi hadde i new york på vei heim hadde vi sett fram til lenge, og dei skuffa ikkje! Vi rakk enormt mykje på så kort tid, og sjølv om det kanskje berre kan karakteriserast som ein smakebit, så føler i allefall vi at vi fekk sett høgdepunkta. Første dagen gjekk vi frå hostellet i Harlem gjennom central park til times square. Her var det store skyskraparar, shopping, reklameskilt og folk som hasta mellom juleinnkjøpa. Vidare gjekk vi på Broadway street, knipsa bilde og smilte konstant berre fordi det var så stilig å endelig vere der. Besøkte Empire State Buildning og såg den fantastiske utsikta over byen, kjøpte kaffe på Starbucks og smultring på Dunkin Donuts. Det hører med! Andre dagen såg vi frihetsgudinna, World Trade Center Site, gjekk gjennom bydelane soho, greenwich village og chinatown, handla julegaver og koste oss. Subwayen funker utrulig bra til forflytning, effektivt og greit. Det var ikkje snø i New York, men det var kaldt og vi fekk litt julestemning av sangane og nissane i butikkane.

No er vi tilbake i Norge, og slapp unna alt av flykaos og kansellerte avganger som i resten av europa, siden vi mellomlanda på Island. Heldigvis! Hadde vore kjipt å ikkje komme seg heim til jul. Det var rart å seie hade på Gardermoen, etter å ha reist i lag i fire måneder og sove i same rom kvar natt. Kjem nok til å vokne om morgenen og lure på kor Siri er hen... ;)

Takk for turen! Håper det har vore kjekt å følge med her på bloggen.

onsdag 15. desember 2010

Costa Rica



San Juan del Sur i Nicaragua var herlig! Endelig fikk vi sole oss og bade i nydelig solskinn . Vi var to dager paa Playa Madera, som er en liten taxi-tur unna San Juan. Der leigde vi surfebrett, og leika oss i boelgene. Ikkje lett, men fryktelig moro! Siste dagen moette vi Ingvild, Rikke og Mira fra klassa, og vi tilbrakte dagen paa stranda i lag, samt spiste middag paa markedet (kjempebillig og supergodt) og gikk ut paa den eine uteplassen det var liv paa denne kvelden. Moro!

No er vi i Costa Rica, i herlige Montezuma. Her er det regnskog heilt ned til stranda, og fin stemning. Vi har allerede vore paa zipline tur gjennom skogen, og bada i elver og fossfall. Slengte oss i ei tarzan-svinge ut i elvekulpen og hoppa fra klippene. Morsomt! I morga skal vi paa snorkletur til Tortuga Island, der skal vi ogsaa grille og ha god lunsj. Siste dagen er ikkje planlagt enda, vi for sjaa kva som dukker opp. Deretter gaar ferden mot san jose, og New York. Der faar vi nok julestemning ja!

fredag 10. desember 2010

Under havoverflaten

Paa Roatan var ikkje veret paa vaar side, men pytt sann, kva gjer vel litt skyer og regn naar vi uansett blir vaate under havoverflata? Ja, vi fekk oss eit par dykk paa korallrevet, samt eit discover scubadiving-kurs for Siri og refresher-kurs for min del (4 1/2 aar sidan sist). Korallrevet var fantastisk! Nydelige farger og imponerande strukturer, for ikkje aa snakke om fisken. Dette var nok eit av hoegdepunkta paa heile turen!

Etter Roatan reiste vi til Tegucigalpa, hovedstaden i Honduras. Der tilbrakte vi natta, foer vi tok bussen kl.05 morgenen etter over grensa til Nicaragua. Det var bussbytte i Managua, med buss vidare til Rivas, og der var det taxi til San Jorge der ferga gjekk over til Isla de Ometepe. Vi kan seie at det var noeye planlagt, men vi rakk det berre saa vidt; i det vi fekk sette oss ned inne paa ferga var det seks minutt igjen foer den skulle gaa - og det var den siste avgangen denne dagen. Flaks!

Her paa oeya hadde vi planer om aa sole oss paa stranda, men naar vi kom dit var det flod, og dermed ingen strand. Sjoen gjekk faktisk opp paa land, og boelgene var noksaa store. Litt skuffande, men vi haika oss vidare til Ojo de Agua, som er ei blaa, fin lagune for nedkjoeling og svoemming. Seinare paa ettermiddagen leigde vi sykler, og tok oss ein fin sykkeltur medan sola sende sine siste straaler over vulkanane i baggrunnen. Oeya her bestaar nemlig av to vulkaner og ei stripe land i mellom. Her er groent og frodig, og mykje landbruk. I morga reiser vi vidare til San Juan del Sur, og haaper paa strandliv og surfing der!

mandag 6. desember 2010

Bay Islands i Honduras

No er vi paa Roatan, ei oey paa nordkysten av Honduras. Etter Flores i Guatemala reiste vi som sagt til Palenque i Mexico, og vi maatte ta baade buss og en liten baat og buss igjen for aa komme dit. Siden vi reiste klokka fem om morgenen kom vi dit relativt tidlig, og rakk aa gaa paa ruinane om ettermiddagen. Flott lys, og lite turister gjoprde det til ein fin opplevelse. Dermed var vi klare for aa reise til San Cristobal dagen etter. San Cristobal er ein fin liten by med brusteinlagde gater og koselige cafeer, og mange gamle kirker rundt om kring. Vi booka en sykkeltur med besoek til Maya-landsbyer den foelgande dagen, men paa kvelden skya det over og begynte aa regne. Det varte heile natta og den paafoelgande dagen, saa da fekk vi pengane igjen. I staden slappa vi av med god kaffi, gikk rundt aa kika litt, trena litt styrke, besoekte et museum om Maya-medisin, og gjekk paa kino paa kvelden. Det var ein spansk film med engelsk tekst, filma i Honduras og Mexico, saa var ganske spennande!

Dagen etter reiste vi til Antigua i Guatemala, og gjorde det enkelt ved aa ta ein shuttle-minibuss som frakta oss heile vegen. Sparer ein del tid paa aa ikkje ta dei saakalla chicken-bussane, og det er ikkje akkurat saa mykje dyrare heller. I Antigua booka vi inn paa det billigaste hostellet vi fant, og fekk kvart sitt separate rom. Det var foerste gang i loepet av turen, saa var litt spesielt! Ute i fellesarealet var det andre reisande som spelte gitar, fele og klarinett, saa stemninga var upaaklagelig :p I Antigua besoekte vi vulkanen Pacaya, som er ein av dei faa aktive vulkanane i Guatemala. Litt skuffande var det likevel, for vi saag ingen flytande lava saann eg hadde sett for meg. Men det var varmt, og naar guiden kasta trepinner ned i eit hol saag vi at dei tok fyr. Kult! Ellers i Antigua kjoepte vi ein heil ananas kvar for berre 2 kr (fruktmarkedet bugna av eksotiske frukter), og vi fekk tilbud om baade modelljobb og marihuana. I tillegg kom vi i snakk med ein lokal fyr som jobba og budde i Holland, og han kom med ein del tips til kva vi burde gjere. Og akkurat den helga vi var der, var det julelystenning i parken. Det kom mange familier og folk for aa sjaa, og det vart sendt opp fyrverkeri, det var orkester i gatene og levande julekrybber. Saa eg og Siri fekk litt julestemning, til tross for at vi gjekk med shorts og sandaler.

Klokka fire paa natta (merkelig tidspunkt...) tok vi ein ny shuttle-buss vidare til Copan ruinas i Honduras. Vi kom dit klokka 11 paa morgenen, og hadde igrunn ikkje heilt planlagt om vi skulle vere der eller dra vidare. Vi kom i snakk med Jack fra England, og han lurte ogsaa paa aa dra vidare. Saa vi sjekka litt billetter, og bestemte oss for aa ta bussen  til La Ceiba heilt nord i Honduras. No vart den foerste bussen rett nok litt sein, saann at naar vi kom til San Pedro for bussbytte maatte vi springe gjennom terminalen, og godsnakke med folka som egentlig hadde stengt billettkontoret. Det vart ein luksus-buss litt i dyraste laget, men vel verdt det i forhold til at vi kanskje maatte ha overnatta ei ekstra natt for aa vente paa neste buss om morgenen. Vi gjekk gjennom sikkerhetssjekk og viste passet fleire ganger, og det var littfly-preg over det. Fekk til og med flymat :p Kom fram til La Ceiba seint paa kvelden, etter 18 timer med reising...Lenge nok! Vi  tok baaten hit til Roatan om morgenen dagen etter. Foreopeig er her ikkje saa kjempefint ver, men vi haaper det letter i loepet av natta :)

No er det snart berre to veker igjen av turen vaar, noko som er merkelig aa tenke paa! Vi gleder oss til aa komme heim, men skulle oenske dei to siste vekene ikkje ville gaa saa fort - tida strekk liksom ikkje heilt til. Haaper alle har ei fin adventstid!

søndag 28. november 2010

Guatemala





No har vi vore i Guatemala i snart to netter. Bur i Flores, som er ei slags oey som stikke rut i sjoen fra Santa Elena. Nydelig fin by! Vi utforska ruinene ved Tikal i dag, langt inne i jungelen. Imponerande kva dei klarte aa lage til for saa lenge siden. Sidan eg ikkje hadde med meg nok pengar til inngangsbilletten (...), saa gjekk siri inn foerst medan eg venta ute. Etter tre timar kom ho smilande ut att, og eg fekk bruke samme inngangsbilletten en gang til. Veldig greit! Berre kjipt at vi maatte vente paa kvarandre.

I morga tidlig reiser vi til Palenque med ein buss klokka 05.00. Maa ta to busser og ein baat foer vi kjem dit rundt kl.14. Haaper aa faa sett ruinene der samme kvelden, evt tidlig neste morgon og deretter hoppe paa en buss til san christobal. Det gaar veldig greit aa krysse landegrensene, men vi maa betale ein del pengar i tax baade naar vi skal inn og naar vi skal ut. Og i tillegg maa vi faa tak i ny valuta, saa det er alltid litt smaastyr, men vel verdt det ettersom vi faar sjaa veldig mykje forskjellig.

Her i Flores er det et stort juletre i plast midt paa torget, saa vi har faatt litt julestemning vi ogsaa! Men blir likevel ikkje det samme i shorts og singlet. Gleder oss til snoe i jula!

fredag 26. november 2010

Belize!

I dag var vi paa en fantastisk snrorkletur til revet utanfor Caye culker. Akvariefisker, hai, stingrays (rokker) og kjempe-skjelpadder var naake av det vi saag. Og vi fekk ogsaa klappe haien og stingrayen. Spennande! Nydelig klart hav, som et badebasseng. Belize er herlig, men vi har bestemt oss for aa dra vidare til Tikal og Guatemala i morga. Maa gjere det meste ut av dagane her i mellom-amerika. Etter Tikal baerer det vidare til Palenque i Mexico og San Christobal, foer vi returnerer til Guatemala for litt vulkanklatring. Altfor mykje aa gjer, paa alt for kort tid. Under en maaned til vi kjem heim til Norge, heilt utrulig aa tenke paa! Skulle hatt naaken maaneder til, ja. Julepynten begynder aa komme opp her ogsaa, men det blir en litt anna foelelse naar det er sol og varmt ute..;)

Haaper alle heime har det like bra som oss!