torsdag 23. desember 2010

New York!

Dei to dagane vi hadde i new york på vei heim hadde vi sett fram til lenge, og dei skuffa ikkje! Vi rakk enormt mykje på så kort tid, og sjølv om det kanskje berre kan karakteriserast som ein smakebit, så føler i allefall vi at vi fekk sett høgdepunkta. Første dagen gjekk vi frå hostellet i Harlem gjennom central park til times square. Her var det store skyskraparar, shopping, reklameskilt og folk som hasta mellom juleinnkjøpa. Vidare gjekk vi på Broadway street, knipsa bilde og smilte konstant berre fordi det var så stilig å endelig vere der. Besøkte Empire State Buildning og såg den fantastiske utsikta over byen, kjøpte kaffe på Starbucks og smultring på Dunkin Donuts. Det hører med! Andre dagen såg vi frihetsgudinna, World Trade Center Site, gjekk gjennom bydelane soho, greenwich village og chinatown, handla julegaver og koste oss. Subwayen funker utrulig bra til forflytning, effektivt og greit. Det var ikkje snø i New York, men det var kaldt og vi fekk litt julestemning av sangane og nissane i butikkane.

No er vi tilbake i Norge, og slapp unna alt av flykaos og kansellerte avganger som i resten av europa, siden vi mellomlanda på Island. Heldigvis! Hadde vore kjipt å ikkje komme seg heim til jul. Det var rart å seie hade på Gardermoen, etter å ha reist i lag i fire måneder og sove i same rom kvar natt. Kjem nok til å vokne om morgenen og lure på kor Siri er hen... ;)

Takk for turen! Håper det har vore kjekt å følge med her på bloggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar