fredag 29. oktober 2010

Huayna Potosi 6088 moh

Da var vi tilbake fra tre-dagers turen paa Huayna Potosi. For ein tur! Foerste dagen brukte vi paa aklimatisering, og gejkk fra basecamp paa 4700 mog til breen paa 4900 moh. Der oevde vi oss paa aa gaa med steggjern og isklatre. Moro! Vi var ein god gjeng paa 12 stk, fra sveits, tyskland, belgia, frankrike, england og norge. Andre dagen pakka vi sekken full med alt utstyret, og bevegde oss sakte opp til highcamp paa 5130 moh. Merka godt hoegda paa kroppen, saa vi tok det rolig. Mat vart servert omtrent heile tida, lunsj, te og kjeks og middag. Mangla ikkje paa det i allefall. Vi sov fra 13 til 15, og fra 18 til 24. Dei siste seks timane vart det rett nok ikkje saa mykje soevn, truleg paa grunn av litt nervoesitet. Ved midnatt var det nemlig opp og staa, paa med utstyr og en liten kopp coca-te og et kakestykke. Vi hadde paa oss fire-fem lag oventil, og tre lag paa beina, foruten balaklava, hue, to par votter, plastikksko, steggjern, sele, hjelm og sjoelvsagt hovudlykt. Deretter la vi i veg i taulag oppover breen. Det var ein guide per to personer, saa eg og Siri fulgte etter guiden Silverio. Det var stjerneklart og maaneskinn, og i horisonten var det lyn og torden som gjenspeila spenninga vi sjoelve foelte undervegs. Vi gjekk sakte oppover, og det var tungt aa puste, men heldigvis kjente ingen av oss hovudverk eller kvalme som teikn paa hoegdesyke. Det var til og med isklatring visse plassar, noko som gjorde turen enda meir spennande! I utgangspunktet hadde vi nesten planlagt aa legge oss bakerst, men til tross for at fleire av dei andre taulaga passerte oss, saa tok vi dei alltid igjen naar dei hadde pauser. Jamnt og trutt var nok det beste, ja. Vi vart dermed dei foerste paa toppen, og etter fem timer (kl 06.00) ga vi kvarandre ein klem og smilte lykkelige over aa vere oppe! Litt av ein foelelse! Nedturen gjekk unna paa to timer, og etter at sola sto opp var det paa med solbrillene og av med det eine plagget etter det andre.

Vel nede fekk vi eit etterlengta toalettbesoek og store mengder vatn som vi ikkje hadde klart aa innta undervegs. I tillegg smakte det godt med en liten frukost. Slitne, men veldig fornoegde etter ein herlig tur!

I morga er det vidare til Copacabana, og Isla del Sol. Der skal det vere veldig fint aa gaa tur over oeya. Etter det krysser vi grensa til Peru, og stopper i Puno for aa ta eit dagsbesoek paa straaoeyene ute paa Lake Titicaca. Etter det er det Cusco som staar for tur. 14. november flyr vi til Cuba! Soer Amerika har vore herlig saa langt, og eg trur dei siste vekene vil vere like bra.

Haaper alle heime har det fint! :)

tirsdag 26. oktober 2010

La Paz!

Paa tide me ei lita oppdatering fra Bolivia! Vi har allerede rukke aa vere her i La Paz nokre dager no.  Planen var i grunn aa ta ei natt i Uyuni, deretter ei natt i Oruru, men saa berre tok vi bussen heilt hit. Like greit. Ellers saa kan vi virkelig anbefale ein tur til saltoerkenen! Salar de Uyuni er eit impnerande syn, og det er utrulig kor artig ein kan ha det med aa ta bilder der ein bruker perspektivet og speler sjaaeren eit puss. Skal proeve aa laste opp bilder saa de faar sjaa! Foruten saltoerkenen, saag vi ogsaa sjukt mange ulike laguner og fjell og vulkaner. Eit spennande landskap! Vi reiste i samme jeep som tre franske, en sjaafoer og ei kokke. Sistnemnde lagde dei mest fantastiske suppene vi har smakt her i Bolivia.

I Uyuni saag vi gravplassen for dei gamle lokomotiva, og gikk rundt paa markedet og kikka. Bussen gjekk klokka 20, og var framme her kl.6. Vi var forberedt paa fryktelige vegar, men heldigvis sov vi stoerste parten av vegen og merka ikkje saa mykje til det. Vel framme i La Paz gjekk vi til sentrum og fant oss eit passande hostel midt i Sagarnaga, handlegata med alle bodene og turoperatoerane. Uheldigvis spiste vi noko i Uyuni som ikkje var heilt bra, vi vart begge noksaa daarlige i magen. Siri tok det derfor rolig foerste dagen i La Paz, medan eg gjekk rundt aa kika og utforska byen. Maa virkelig seie at byen apellerer til mi estetiske side, med hus langt oppover fjellsidene og store skyskraparar lenger nede i dalen. Eg vart ogsaa utsatt for to typiske scams, altsaa bedrageri. Foerste var en fyr som spytta meg i trynet. Vanligvis blir en daa saa opptatt av aa toerke vekk spyttet, slik at tjuven lett kan robbe til seg verdisakene dine. Heldigvis hadde eg lest noeye i Loenely Planet og gjennomskua dette med ein gong, saa eg kneip godt tak i veska og skynda meg vidare foer eg toerka vekk spyttet. Det andre skjedde naar ei jente kom bort og spurte om vegen til stadion. Ho sa ho var fra Chile, og virka rett saa hyggelig. Saa eg viste ho paa kartet kor ho skulle gaa, siden eg nettopp hadde vore der. Plutselig kom det en mann i dress og spurte om vi trengte hjelp. Han var fra turistpolitiet, og viste fram et ID kort. Yeah right, turistpolitiet du liksom. Igjen takka eg Lonely Planet for at dei hadde lista opp slike bedrageri, og eg mumla noko om at eg maatte vidare. Han spurte etter passa vaare, og jenta fra chile tok fram sitt. Eg tenkte ho var heilt tullete som gjorde det, og sneik meg sakte bort. One moment, sa han, og ba meg sjaa han i auga medan han paasto at han virkelig var politi. Men eg berre gjekk. Det eg ikkje visste der og da, var jo at jenta som liksom var fra chile var med paa oplegget. Ho skulle berre engasjere meg i samtale og faa meg til aa ta fram pass og verdisaker slik at dei kunne robbe meg for alt. For ein gjeng, eig ikkje moral!

Neste dag bestilte vi tur til death road paa terrengsykkel. Det er ein gammal veg som gaar fra 4700 moh til ca 1100 moh, gjennom fjellandskap til regnskog. Vi vart utstyrt med beskyttelse paa hovud, alboger og kne, og fekk kraftige terrengsykler som skulle frakte oss trygt ned. Foerste del bestod av asfalt, og det var rein cruising! Deretter vart det grusveg, og nokre stader var det rett ned paa eine sida og berre 3 meter brei veg. Stilig! Foelte aldri at det var direkte farlig. Vi var berre fire i gruppa, meg og Siri og to franske jenter (ja, det er mange franske her), og vi hadde en guide. Vi kjoerte i omtrent samme tempo, og var raske ned. Etterpaa kjoerte vi til et hotell med badebasseng, der vi fikk lunsjbuffet og bade. Paa vei tilbake maatte vi kjoere bil samme vegen, og DET var mykje meir skummelt. Da moette vi ogsaa mange andre grupper som var paa veg nedover, dei var mellom 10 og 15 stk i gruppa, og tydligvis mykje treigare enn oss. Igjen var vi veldig heldige med gruppa vi var paa tur med. Alt i alt ein fin dag!

Mandag reiste vi paa ein ny tur, denne gang til Chacaltaya. Det er et fjell paa 5400 moh. Siden eg gloemte igjen joggeskoa mine i bilen dagen foer, maatte eg gaa i sandaler... Til tross for snoe, saa gjekk det fint. Det var nemñlig ikkje meir enn 100 meter stigning vi maatte gaa, for bilen kjoerte heilt opp til 5300 moh! Men det var artig aa teste korleis vi reagerte paa hoegda. Ingen av oss vart daarlige, men pusten gaar fort og hjertet banker kjapt. Etter fjellturen kjoerte vi til Canyon de la Lunes, maanedalen. Da kjoerte vi fra 5300 moh til ca 3000 moh paa berre en time. Maanedalen er egentlig berre et spesielt landskap som er danna pga erosjon over lang tid. Ganske stilig aa sjaa. Seinare paa kvelden moette vi Hilde-Kristin som er frivillig her i La Paz. Det var et gledelig gjensyn! Vi hadde jo ikkje sett kvarandre paa 5 maaneder, saa vi hadde mykje aa prate om. Ho tok oss med paa ein god restaurant, der vi spiste lama! Nydelig godt :)

I dag tok vi oss en fridag, for aa ordne bilder, bestille jungeltur, sende heim litt ting og tang vi har kjoept og bestille bussbillett vidare. I morga skal vi nemlig paa tre dagers tur til Huayna Potosi, eit fjell paa 6088 moh! Vi gleder oss som unger, og haaper vi begge kjem oss opp sjoelv om det skal vaere en fantastisk tur uansett utfall. Det blir spennande! Vi har tatt en diamox i dag for aa sjekke korleis vi reagerer paa hoegdemedisinen. Rart aa skulle gaa paa fjellet naar vi ikkje har alt utstyret som vi bruker heime, som ekstra ullundertoey og liknande. Vi faar jo ein del utstyr med operatoeren, og har ogsaa gaatt til innkjoep av litt alpakkaull, saa vi klarer oss. Vi kjem tilbake fredag, og sannsynligvis dreg vi vidare til Copacabana loerdag eller soendag. Der skal vi besoeke Isla del Sol.

Saa det var ein heil del om kva vi har gjort i det siste. Som de skjoenner har vi det veldig bra! Haaper alle heime ogsaa har ein fin haust/vinter (forstaar at snoen har komt mange plasser).

søndag 17. oktober 2010

Argentina og Bolivia!

Akkurat no e vi i Tupiza i Bolivia. Vi forflytta oss fort, saa argentina e vi allerede ferdige med. Dvs, vi skulle gjerne ha sett meir, men tida strekk ikkje til alt.

Fra Rio de Janeiro tok vi bussen til Puerto Iguazu i Argentina. Det tok heile 22 timer, saa det var lenge nok. Men bussen var skikkelig luksus, med komfortable sete som kunne leggast nesten heilt ned, og det var berre tre i breidda. I tillegg viste dei film paa TVen, saa turen gjekk fint den! I Iguazu bodde vi paa et veldig bra hostell, laag omtrent midt i sentrum av byen. Vi overnatta to netter, slik at vi fekk en heil dag til aa vandre rundt i Iguazu Falls. Fossane var utrulig imponerande! Vi bestemte oss for aa ta fly vidare, siden et nytt doegn paa bussen ikkje var det som frista mest akkurat da. Saa flyet var booka kvelden i forveien, og om morgenen flaug vi til Salta. Det er ein by nordvest i Argentina. Vi hadde forsaavidt ingen plana der heller, men vi tok en tur paa kabelbanen opp paa et utkikkspunkt, vandra rundt i sentrum og satt paa en kafe og slappa av. Fant ut at vi like godt sparte penga paa overnatting og hoppa paa nattbussen vidare til la quiacha ved grensa til bolivia. Der fekk vi stempla oss ut av landet og inn i det nye, og deretter bar det vidare med buss til Tupiza, der vi e no. Det gaar utrulig greit aa reise paa dinne maaten, sjoelv om vi egentlig ikkje he peiling paa kva den neste dagen bringer, saa gaar det smertefritt og greit aa komme seg fram.

I dag, etter aa ha funne oss eit hotellrom (hotell faktisk! Kosta berre 40 kr natta), booka vi en 5 timers tur paa hesteryggen. Det var fantastisk! Kaktuser, fjell og klipper i roedlige farger, canyoner og kloefter, og kjekke hester. Vi gallopperte om kapp og leika cowboyer. Herlig!

I morga reiser vi paa en fire dagers tur til blant anna saltoerkenen i Uyuni. Det gleder vi oss mykje til! Da blir det kanskje litt campingliv igjen. Ellers har vi det som sagt bra, vi nyter livet og laerer spansk underveis! Rart at vi egentlig skjoenner saa mykje, men det gaar forbloeffande bra. Vi skjoenner, men har vanskelig for aa snakke sjoelv. Saa litt peiking og veiving blir det jo.


Ha det godt!

tirsdag 12. oktober 2010

Corcovado og Kristus-statua

Det er ikkje berre berre aa komme seg rundt i Rio utan aa kunne portugisisk, men vi klarer det paa eit vis! Tok kollektivtrafikk til bussterminalen i dag tidlig, der vi kjoepte bussbillett vidare til Iguazu Falls. I morga reiser vi nemlig fra Rio og vidare til Argentina. Turen tek 22 timer, saa det er godt at bussen har komfortable seter og mat og film (haaper vi). Etter at det var ordna, spurte vi oss fram (via peiking, gestikulasjon og portugisisk blanda med engelsk) til lokalbussen som foerte til Corcovado. Der er nemlig Kristus-statua (Cristo redentor) plassert paa toppen av fjellet. Vi venta et par tima i koe foer vi fekk ta toget som foerte opp, men det var verdt det! Makan til utsikt skal du leite lenge etter, og sjoelve statua var enorm! I tillegg var vi sjukt heldige med vaeret i dag, sol og blaa himmel. Kunne ikkje blitt bedre.

Paa vei tilbake drog vi innom eit svaert shopping senter, og gjett kva vi fant der; Starbucks! Daa fikk Marita den etterlengta kaffien sin. I tillegg kjopte vi oss god middag paa ein restaurant med mat i lausvekt.

I morga haaper vi aa faa tid til eit besoek paa Copacabana og postkontoret, foer vi dreg til bussterminalen.

mandag 11. oktober 2010

Rio de Janeiro

Da var vi komt til sjoelvaste Rio de Janeiro i Brasil. Etter to netter i Parati og to netter paa Ihla Grande, skal vi vere her i tre netter. Parati var som tidligare skrevet en fantastisk liten by. Vi leigde sykler og fikk med oss et lite kart, og la ut paa ekspedisjon i regnskogen. Der bada vi i elver (waterfalls) heilt for oss sjoelve, ganske eksotisk! Holdt paa aa kjoere over en slange ogsaa.

Ihla Grande er nok ei kjent oey baade for turister og brasilianerane sjoelve. Vi var ikkje kjempeheildige med vaeret, saa det vart lite soling og bading. Tok oss ein lang gaatur paa stier gjennom regnskogen, og fekk sjaa mange smaa og nokre stoerre fine strender. Kjekt aa utforske litt paa egenhand. Paa oeya var det rett nok ganske dyrt, saa vi levde paa loff og is. Tok ferga tilbake til Mangaratiba og buss vidare til Rio. Taxi fra busstasjonen til hostellet. Ting la seg veldig til rette! Hostellet var for oevrig overbooka, med 13 folk som sov paa golvet i stova. Vi fekk sove sammen med dei som jobba her, saa sann sett var vi heldige. Det er ogsaa ein stor gjeng med norske ungdommer her.
I dag har vi vore paa Pao de Acucar, sugar loaf. Det er to smaa fjell her i Rio som vi kan ta kabelbane opp til. Var utrulig kult aa sjaa utsikta fra toppen! Har ogsaa tatt baade buss og metro og vasa rundt i sentrum. Fin by, men den er stor! I morga haaper vi aa faa sett Kristus-statua, kjoepe bussbillett og kanskje strendene Copacabana og Ipanema.

Ellers har vi det fint. I Parati vart Marita oppspist av bedbugs eller andre smaa mistenkelige dyr, det var heilt grusomt. Skulle tru det var skabb og utslett og byller paa samme tid. Siri klarte aa kaste entry-exit kortet sitt, det skal en egentlig ta vare paa under heile oppholdet i brasil. Ho risikerer aa maatte betale ca 500 kr naar ho forlater landet... men ellers har vi det bra.
 Haaper alle heime har ein nydelig haust! Vi savner den friske klare haustlufta, men tek det igjen neste aar. No er det soer-amerika som gjeld! Chao!

onsdag 6. oktober 2010

Parati

No e vi i Parati i Brasil, paa et backpacker hostel. Kjempekoselig! Naar vi kom til sao paulo i gaar tok vi taxi til hostellet, sjoelv om det var ganske dyrt. Trur ikkje vi hadde klart aa finne veien med buss uansett. Mannen paa hostellet var kjempegrei, og naar vi sa at vi tenkte aa fare vidare med buss, saa hjalp han oss aa kjoepe billetter paa nettet, fant busstider og fergetider til ihla grande. Han fortalte oss korleis vi skulle komme til busstasjonen og kor den va. Saa alt la sej til rette! Foer vi reiste til busstasjonen, hoppa vi av metroen og gikk mellom to stasjoner. Da besoekte vi en stor katedral og saag litt av byen. Hadde ikkje naake saerlig bra kart, men folk e kjempehyggelige og peiker og gestikulerer kor vi skal gaa. Nesten ingen prata engelsk, saa det gaar i portugisisk. Bussen var enormt god standard paa, saa mjuke sete at ej lett kunne ha saatte et doegn der. Men turen tok berre seks timar. Paa bussen moette vi enda en hyggelig mann, han snakka bedre engelsk og var fryktelig pratsom. Fortalte oss ting vi burde sjaa og gjere baade her og i Rio. Vi hadde jo ingen overnatting her, men naar vi gikk av bussen saag vi et skilt om at hostellet laag 50 meter rundt gjoernet. Saa vi gikk hit, og moette en hyggelig familie som satt rundt bordet og aat. Det e sofa og en stor TV her, og mange hengekoyer utafor. Matheo oenskte oss velkommen, saa vi vart verande her. Gikk egentlig rett ut att for aa sjaa sentrum. Byen e ikkje saa stor, men her e levande musikk, smaa brusteinlagde gater, brennande lys og herlig stemning. Vi gikk inn paa en isbar, der vi fikk ta iskuler sjoelv og betalte for vekt i staden for kuler. Genialt! Da kan vi jo ta litt av alt :) Hadde igrunn tenkt aa berre vere her ei natt, men vi fant ut at de e kjempemykje aa gjere her, saa vi blir et doegn til. I morga ska vi laane oss sykler, og sykle til fossefall i regnskogen der vi kan bade.

Saa som dokke forstaar gaar det straalande, alt legg sej til rette og folk e hyggelige. Her e groent og frodig, strender og fjell, saa vi er forelska i brasil allerede.

tirsdag 5. oktober 2010

Arrived Brazil!

Etter en veldig lang dag er vi no ankomne Sao Paolo. Vi reiste fra Cape town klokka 20 mandag kveld, ankom johannesburg kl.22 og overnatta paa flyplassen der. Det vart ei hard natt paa golvet, men vi gjorde oss komfortable med soveposane vaare. Flyet vaart gikk klokka 11 i dag, tirsdag, litt forsinka i forhold til planlagt tid. Ankom Sao Paolo kl.17.30, og da var klokka stilt tilbake fem timer. Saa no begynner vi aa kjenne at 18 timer uten soevn teke paa...men flyturen gikk veldig fint, vi rakk aa sjaa tre filmer, samt ete god flymat og lese litt i lonely planet-boka for soer amerika.

Tok taxi fra flyplassen her til hostellet, og det var jammen ikkje billig! Nesten 500 kr. Men hadde vore umulig aa begynne med buss eller metro uten aa vite kor vi skulle. Mannen her har vore kjempehjelpsom, vi nemnde at vi ville vidare med buss i morga, og han fann busstider, bestilte billetter for oss, fant fergetider og gav tips om overnatting. Vi kjem til aa reise til Paraty, en koselig mindre by ved kysten. Trur det blir bedre enn aa vere her i denne kriminelle byen.

Ellers er vi klare for aa utforske et nytt kontinent, men det er litt skummelt aa vere paa egen hand igjen. Tryggheten vi hadde paa trucken i afrika var undervurdert. Men er en forsiktig og tek forholdsregler gaar det bra.

søndag 3. oktober 2010

Cape Town!

No er vi komt til endepunktet paa afrika-turen vaar. Trist, siden vi maa forlate gruppa og trucken. Vi har faatt mange gode venner her, det skal vere visst!


Siden sist har vi vandra i oerkenen, sett soloppgangen fra Dune 45 (ei stor sanddyne), hatt handkle-party, bada i orange river, overnatta paa spaa, vore i town ship baade her i soer-afrika og i namibia, spist lokal mat, vinsmaking.

I kveld skal vi ut aa ete paa restaurant, som avslutning. I morga skal nokon av oss paa Table Mountain og litt sightseeing rundt i byen. Cape Town er en fantastisk fin by, groent og frodig, og fine fjell. Skulle oenske vi kunne vere her nokon dagar lenger.