Det er ikkje berre berre aa komme seg rundt i Rio utan aa kunne portugisisk, men vi klarer det paa eit vis! Tok kollektivtrafikk til bussterminalen i dag tidlig, der vi kjoepte bussbillett vidare til Iguazu Falls. I morga reiser vi nemlig fra Rio og vidare til Argentina. Turen tek 22 timer, saa det er godt at bussen har komfortable seter og mat og film (haaper vi). Etter at det var ordna, spurte vi oss fram (via peiking, gestikulasjon og portugisisk blanda med engelsk) til lokalbussen som foerte til Corcovado. Der er nemlig Kristus-statua (Cristo redentor) plassert paa toppen av fjellet. Vi venta et par tima i koe foer vi fekk ta toget som foerte opp, men det var verdt det! Makan til utsikt skal du leite lenge etter, og sjoelve statua var enorm! I tillegg var vi sjukt heldige med vaeret i dag, sol og blaa himmel. Kunne ikkje blitt bedre.
Paa vei tilbake drog vi innom eit svaert shopping senter, og gjett kva vi fant der; Starbucks! Daa fikk Marita den etterlengta kaffien sin. I tillegg kjopte vi oss god middag paa ein restaurant med mat i lausvekt.
I morga haaper vi aa faa tid til eit besoek paa Copacabana og postkontoret, foer vi dreg til bussterminalen.
Kjekt! Gler mej til å sjå bilda frå turen!! :)
SvarSlettKlem frå systa