fredag 29. oktober 2010

Huayna Potosi 6088 moh

Da var vi tilbake fra tre-dagers turen paa Huayna Potosi. For ein tur! Foerste dagen brukte vi paa aklimatisering, og gejkk fra basecamp paa 4700 mog til breen paa 4900 moh. Der oevde vi oss paa aa gaa med steggjern og isklatre. Moro! Vi var ein god gjeng paa 12 stk, fra sveits, tyskland, belgia, frankrike, england og norge. Andre dagen pakka vi sekken full med alt utstyret, og bevegde oss sakte opp til highcamp paa 5130 moh. Merka godt hoegda paa kroppen, saa vi tok det rolig. Mat vart servert omtrent heile tida, lunsj, te og kjeks og middag. Mangla ikkje paa det i allefall. Vi sov fra 13 til 15, og fra 18 til 24. Dei siste seks timane vart det rett nok ikkje saa mykje soevn, truleg paa grunn av litt nervoesitet. Ved midnatt var det nemlig opp og staa, paa med utstyr og en liten kopp coca-te og et kakestykke. Vi hadde paa oss fire-fem lag oventil, og tre lag paa beina, foruten balaklava, hue, to par votter, plastikksko, steggjern, sele, hjelm og sjoelvsagt hovudlykt. Deretter la vi i veg i taulag oppover breen. Det var ein guide per to personer, saa eg og Siri fulgte etter guiden Silverio. Det var stjerneklart og maaneskinn, og i horisonten var det lyn og torden som gjenspeila spenninga vi sjoelve foelte undervegs. Vi gjekk sakte oppover, og det var tungt aa puste, men heldigvis kjente ingen av oss hovudverk eller kvalme som teikn paa hoegdesyke. Det var til og med isklatring visse plassar, noko som gjorde turen enda meir spennande! I utgangspunktet hadde vi nesten planlagt aa legge oss bakerst, men til tross for at fleire av dei andre taulaga passerte oss, saa tok vi dei alltid igjen naar dei hadde pauser. Jamnt og trutt var nok det beste, ja. Vi vart dermed dei foerste paa toppen, og etter fem timer (kl 06.00) ga vi kvarandre ein klem og smilte lykkelige over aa vere oppe! Litt av ein foelelse! Nedturen gjekk unna paa to timer, og etter at sola sto opp var det paa med solbrillene og av med det eine plagget etter det andre.

Vel nede fekk vi eit etterlengta toalettbesoek og store mengder vatn som vi ikkje hadde klart aa innta undervegs. I tillegg smakte det godt med en liten frukost. Slitne, men veldig fornoegde etter ein herlig tur!

I morga er det vidare til Copacabana, og Isla del Sol. Der skal det vere veldig fint aa gaa tur over oeya. Etter det krysser vi grensa til Peru, og stopper i Puno for aa ta eit dagsbesoek paa straaoeyene ute paa Lake Titicaca. Etter det er det Cusco som staar for tur. 14. november flyr vi til Cuba! Soer Amerika har vore herlig saa langt, og eg trur dei siste vekene vil vere like bra.

Haaper alle heime har det fint! :)

2 kommentarer:

  1. Rett og slett imponerende lesning....Dere er noen tøffe jenter!!
    kai

    SvarSlett
  2. Takk for det! Var en utrulig fin tur, spennande aa kjenne korleis kroppen reagerer paa hoegda.

    Haaper hausten er fin heime ogsaa :)

    SvarSlett