tirsdag 26. oktober 2010

La Paz!

Paa tide me ei lita oppdatering fra Bolivia! Vi har allerede rukke aa vere her i La Paz nokre dager no.  Planen var i grunn aa ta ei natt i Uyuni, deretter ei natt i Oruru, men saa berre tok vi bussen heilt hit. Like greit. Ellers saa kan vi virkelig anbefale ein tur til saltoerkenen! Salar de Uyuni er eit impnerande syn, og det er utrulig kor artig ein kan ha det med aa ta bilder der ein bruker perspektivet og speler sjaaeren eit puss. Skal proeve aa laste opp bilder saa de faar sjaa! Foruten saltoerkenen, saag vi ogsaa sjukt mange ulike laguner og fjell og vulkaner. Eit spennande landskap! Vi reiste i samme jeep som tre franske, en sjaafoer og ei kokke. Sistnemnde lagde dei mest fantastiske suppene vi har smakt her i Bolivia.

I Uyuni saag vi gravplassen for dei gamle lokomotiva, og gikk rundt paa markedet og kikka. Bussen gjekk klokka 20, og var framme her kl.6. Vi var forberedt paa fryktelige vegar, men heldigvis sov vi stoerste parten av vegen og merka ikkje saa mykje til det. Vel framme i La Paz gjekk vi til sentrum og fant oss eit passande hostel midt i Sagarnaga, handlegata med alle bodene og turoperatoerane. Uheldigvis spiste vi noko i Uyuni som ikkje var heilt bra, vi vart begge noksaa daarlige i magen. Siri tok det derfor rolig foerste dagen i La Paz, medan eg gjekk rundt aa kika og utforska byen. Maa virkelig seie at byen apellerer til mi estetiske side, med hus langt oppover fjellsidene og store skyskraparar lenger nede i dalen. Eg vart ogsaa utsatt for to typiske scams, altsaa bedrageri. Foerste var en fyr som spytta meg i trynet. Vanligvis blir en daa saa opptatt av aa toerke vekk spyttet, slik at tjuven lett kan robbe til seg verdisakene dine. Heldigvis hadde eg lest noeye i Loenely Planet og gjennomskua dette med ein gong, saa eg kneip godt tak i veska og skynda meg vidare foer eg toerka vekk spyttet. Det andre skjedde naar ei jente kom bort og spurte om vegen til stadion. Ho sa ho var fra Chile, og virka rett saa hyggelig. Saa eg viste ho paa kartet kor ho skulle gaa, siden eg nettopp hadde vore der. Plutselig kom det en mann i dress og spurte om vi trengte hjelp. Han var fra turistpolitiet, og viste fram et ID kort. Yeah right, turistpolitiet du liksom. Igjen takka eg Lonely Planet for at dei hadde lista opp slike bedrageri, og eg mumla noko om at eg maatte vidare. Han spurte etter passa vaare, og jenta fra chile tok fram sitt. Eg tenkte ho var heilt tullete som gjorde det, og sneik meg sakte bort. One moment, sa han, og ba meg sjaa han i auga medan han paasto at han virkelig var politi. Men eg berre gjekk. Det eg ikkje visste der og da, var jo at jenta som liksom var fra chile var med paa oplegget. Ho skulle berre engasjere meg i samtale og faa meg til aa ta fram pass og verdisaker slik at dei kunne robbe meg for alt. For ein gjeng, eig ikkje moral!

Neste dag bestilte vi tur til death road paa terrengsykkel. Det er ein gammal veg som gaar fra 4700 moh til ca 1100 moh, gjennom fjellandskap til regnskog. Vi vart utstyrt med beskyttelse paa hovud, alboger og kne, og fekk kraftige terrengsykler som skulle frakte oss trygt ned. Foerste del bestod av asfalt, og det var rein cruising! Deretter vart det grusveg, og nokre stader var det rett ned paa eine sida og berre 3 meter brei veg. Stilig! Foelte aldri at det var direkte farlig. Vi var berre fire i gruppa, meg og Siri og to franske jenter (ja, det er mange franske her), og vi hadde en guide. Vi kjoerte i omtrent samme tempo, og var raske ned. Etterpaa kjoerte vi til et hotell med badebasseng, der vi fikk lunsjbuffet og bade. Paa vei tilbake maatte vi kjoere bil samme vegen, og DET var mykje meir skummelt. Da moette vi ogsaa mange andre grupper som var paa veg nedover, dei var mellom 10 og 15 stk i gruppa, og tydligvis mykje treigare enn oss. Igjen var vi veldig heldige med gruppa vi var paa tur med. Alt i alt ein fin dag!

Mandag reiste vi paa ein ny tur, denne gang til Chacaltaya. Det er et fjell paa 5400 moh. Siden eg gloemte igjen joggeskoa mine i bilen dagen foer, maatte eg gaa i sandaler... Til tross for snoe, saa gjekk det fint. Det var nemñlig ikkje meir enn 100 meter stigning vi maatte gaa, for bilen kjoerte heilt opp til 5300 moh! Men det var artig aa teste korleis vi reagerte paa hoegda. Ingen av oss vart daarlige, men pusten gaar fort og hjertet banker kjapt. Etter fjellturen kjoerte vi til Canyon de la Lunes, maanedalen. Da kjoerte vi fra 5300 moh til ca 3000 moh paa berre en time. Maanedalen er egentlig berre et spesielt landskap som er danna pga erosjon over lang tid. Ganske stilig aa sjaa. Seinare paa kvelden moette vi Hilde-Kristin som er frivillig her i La Paz. Det var et gledelig gjensyn! Vi hadde jo ikkje sett kvarandre paa 5 maaneder, saa vi hadde mykje aa prate om. Ho tok oss med paa ein god restaurant, der vi spiste lama! Nydelig godt :)

I dag tok vi oss en fridag, for aa ordne bilder, bestille jungeltur, sende heim litt ting og tang vi har kjoept og bestille bussbillett vidare. I morga skal vi nemlig paa tre dagers tur til Huayna Potosi, eit fjell paa 6088 moh! Vi gleder oss som unger, og haaper vi begge kjem oss opp sjoelv om det skal vaere en fantastisk tur uansett utfall. Det blir spennande! Vi har tatt en diamox i dag for aa sjekke korleis vi reagerer paa hoegdemedisinen. Rart aa skulle gaa paa fjellet naar vi ikkje har alt utstyret som vi bruker heime, som ekstra ullundertoey og liknande. Vi faar jo ein del utstyr med operatoeren, og har ogsaa gaatt til innkjoep av litt alpakkaull, saa vi klarer oss. Vi kjem tilbake fredag, og sannsynligvis dreg vi vidare til Copacabana loerdag eller soendag. Der skal vi besoeke Isla del Sol.

Saa det var ein heil del om kva vi har gjort i det siste. Som de skjoenner har vi det veldig bra! Haaper alle heime ogsaa har ein fin haust/vinter (forstaar at snoen har komt mange plasser).

2 kommentarer:

  1. Takk til Loneley Planet og god hukommeelse!!!
    Mor Hubro

    SvarSlett
  2. Hehe, ja det skal vere visst ;)

    SvarSlett