fredag 10. desember 2010

Under havoverflaten

Paa Roatan var ikkje veret paa vaar side, men pytt sann, kva gjer vel litt skyer og regn naar vi uansett blir vaate under havoverflata? Ja, vi fekk oss eit par dykk paa korallrevet, samt eit discover scubadiving-kurs for Siri og refresher-kurs for min del (4 1/2 aar sidan sist). Korallrevet var fantastisk! Nydelige farger og imponerande strukturer, for ikkje aa snakke om fisken. Dette var nok eit av hoegdepunkta paa heile turen!

Etter Roatan reiste vi til Tegucigalpa, hovedstaden i Honduras. Der tilbrakte vi natta, foer vi tok bussen kl.05 morgenen etter over grensa til Nicaragua. Det var bussbytte i Managua, med buss vidare til Rivas, og der var det taxi til San Jorge der ferga gjekk over til Isla de Ometepe. Vi kan seie at det var noeye planlagt, men vi rakk det berre saa vidt; i det vi fekk sette oss ned inne paa ferga var det seks minutt igjen foer den skulle gaa - og det var den siste avgangen denne dagen. Flaks!

Her paa oeya hadde vi planer om aa sole oss paa stranda, men naar vi kom dit var det flod, og dermed ingen strand. Sjoen gjekk faktisk opp paa land, og boelgene var noksaa store. Litt skuffande, men vi haika oss vidare til Ojo de Agua, som er ei blaa, fin lagune for nedkjoeling og svoemming. Seinare paa ettermiddagen leigde vi sykler, og tok oss ein fin sykkeltur medan sola sende sine siste straaler over vulkanane i baggrunnen. Oeya her bestaar nemlig av to vulkaner og ei stripe land i mellom. Her er groent og frodig, og mykje landbruk. I morga reiser vi vidare til San Juan del Sur, og haaper paa strandliv og surfing der!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar